About this role
Vil du vere med å gjere ein forskjell?Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde utvidar den nasjonale servicetenesta med to nye stillingar. Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag.Vi er organisert under NAV hjelpemiddel og tilrettelegging, som består av om lag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis.Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsetjingar og om korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og deltaking i samfunnet for alle.Dei tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid.Vi bistår brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar med rådgjeving, opplæring og tilrettelegging. Førde har saman med Oslo, Vestfold og Telemark etablert ei ny nasjonal serviceteneste med til saman 24 tilsette, 8 av desse held til i Førde. NAV Hjelpemiddelsentral Vestland Førde har i dag 33 tilsette.Servicetenesta er NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging si faglege førstelinje på hjelpemiddelområdet, og skal sikre at tenestene er tilgjengelege, effektive og brukarvennlege for alle som treng hjelpemiddel, råd og rettleiing. Rettleiarane skal gje rask, tydeleg og samordna rettleiing til kommunane, brukarar og andre samarbeidspartnarar, med mål om å løyse førespurnader ved første kontakt. Dei legg òg til rette for vidare dialog ved behov og rettleiar i bruk av sjølvbeteningsløysingar.Gjennom tett kontakt med brukarar og samarbeidspartnarar har servicetenesta ei viktig rolle i å fange opp informasjons- og utviklingsbehov, og bidreg til betre flyt, lik praksis og gode brukaropplevingar. Tenesta skal vere i front når det gjeld å ta i bruk ny teknologi og nye løysingar, og fungerer som eit bindeledd mellom brukarane, samarbeidspartnarane og fagmiljøa i NAV.