About this role
Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!Bukollektiva har ledig 78% stilling for helsefagarbeidar ved Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28. Arbeid på dagtid i vekedager på Seniorsenteret kombinert med arbeid kvar 3. helg ved Sloghaugvegen 28. Stillinga kan justerast til 84% då med arbeid annenkvar helg. I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.Seniorsenteret er dagsenter for heimebuande eldre og er ope 4 dager/veke. Det er fokus på aktivisering, relasjonsbygging, trivsel og å skape ein god arena for tenestemottakarane. Ved Sloghaugvegen 28 har vi to avdelingar med 8 bebuarar i kvar avdeling. Bebuarane har samansett sjukdomsbilete og har behov for heildøgns omsorg. Det er nært samarbeid mellom avdelingane både fagleg og sosialt.Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 er lokalisert i same bygg, har felles leiing og det er nært samarbeid. Avdelinga og eininga har godt omdømme og høg trivsel.Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!Søknadsfrist 10. august 2026, tiltredelse 28. september eller anna dato etter avtale.