Now hiring

100% fast stilling som fagleg veileder i Tilrettelagte tenester @ Øystre Slidre kommune

HEGGENESOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du ha ein meiningsfull jobb med varierte dagar fokus på fagleg utvikling? Vi har no ledig stilling som fagleg veileder!Tilrettelagte tenester søkjer deg som ønskjer ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell. Vi yter tenester til menneske med ulike bistandsbehov i alle aldrar, og arbeidshverdagen er både variert og utviklande. Oppgåvene spenner frå bistand i dagleglivet til rettleiing i skule, barnehage og heimar, samt avlastning for barn og ungdom.Hos oss er du med på ei spennande utvikling! Vi er aktive deltakarar i innovasjonsprosjektet TØRN, eit læringsnettverk retta mot denne typen tenester. Det betyr at du kjem inn i ei framtidsretta og utviklingsorientert teneste, der vi jobbar målretta for å skape best mogleg kvalitet – både for tenestemottakarar og tilsette.Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg nysgjerrig og ønskjer å bidra aktivt i utvikling av både fag og arbeidsplass. Hos oss får du gode moglegheiter til påverknad, fagleg vekst og samarbeid med dyktige kollegaer i eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjement for brukergruppa i tenesten. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å kombinere fag og utviklingsarbeid.Vi er organisert med to faglege rettleiarar med kvar sine ansvarsområde: bustad i tilknyting til Brennebakkin og barn/ungdom. Veiledarane inngår i leiargruppa til avdelingsleiar og har eit overordna fagleg ansvar for organisering av tenestene, fagleg oppfølging, fagleg veiledning av tilsette, samt deltaking i ordinære driftsoppgåver. Fagadministrativ tid er implementert i turnusen. Nysgjerrig på å arbeide hos oss? Vi har og ledig vikariat som vernepleier i 100% stilling, med snarleg oppstart. Vikariatet kan bli forlengja, og det er moglegheit for fast tilsetjing. Intervju er planlagt til veke 34.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores