About this role
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!Lokal sikkerheitspost (LS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnusRegional sikkerheitspost (RS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 3. kvar helgPsykiatrisk klinikk: Kandidatar blir tilsett ved Psykiatrisk klinikk pt ved avdeling. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg* Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S4 har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og kvar 3. helg* Psykiatrisk akuttmottak,PAM1 - har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og kvar 3. helg* Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, PBU Ungdomspost har ledig 100% fast stilling som vernepleiar, 2-delt turnus og i snitt kvar 4. helg på Akuttposten* Kronstad DPS, Psykose døgnbehandling har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar. Stillinga er ei kombinasjonsstilling der pt 60% av stillinga ved Kronstad, Psykose døgn og 40% er ved Bemanningssenteret i føretaket. Stillinga ved Kronstad er i 2 delt turnus, jobb kvar fjerde helg. Stillinga er ledig frå 14. september eller etter nærare avtale.Bemanningssenteret Vanskeleg å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiar og vernepleiar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet.