Now hiring

Helsefagarbeidar - 60% vikariat @ VINJE KOMMUNE HEIMETENESTER BRULI BUFELLESSKAP

Norway (NO094)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre? Bruli bufellesskap søkjer ein engasjert medarbeidar som ynskjer ein meiningsfull jobb der relasjonar, omsorg og menneske står i sentrum. Hos oss får du moglegheita til å arbeide tett på menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar. Dette er ei spennande stilling for deg som ynskjer å utvikle deg fagleg og personleg, skaffe deg verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid eller prøve noko nytt. Bebuarane på Bruli bur i eigne leilegheiter og mottek individuelt tilpassa tenester frå kommunen. Me er opptekne av å skape trygge, føreseielege og meiningsfulle kvardagar der den enkelte sine ressursar, ønskje og behov står i fokus. I tillegg yter me tenester til enkelte brukarar som bur utanfor bufellesskapet. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og eit sterkt engasjement for brukarane våre. Arbeidsoppgåver Miljøarbeid - gjennom å støtte bebuarar i å meistre eigen kvardag, bidra til struktur, trivsel og gode opplevingar Praktisk bistand i leilegheitene - som matlaging, rydding, hygiene, reinhald og andre daglege oppgåver der dette er ein del av tenesta Praktiske oppgåver i avdelinga - praktiske gjeremål som å halde orden i fellesareal, førebu felles måltid på laurdagar og andre helsefaglege oppgåver Gjennomføre gåturar, handleturar eller andre små aktivitetar i nærmiljøet Medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar og delegasjon Dokumentasjon og journalføring i kommunen sine fagsystem Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre samarbeidspartnarar ved behov Kvalifikasjonar Du har fagbrev som helsefagarbeidar, eller annan relevant helse- og sosialfagleg utdanning Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar (minimum nivå B2) Du har digital kompetanse Du har førarkort klasse B er ynskjeleg, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar Du kan arbeide sjølvstendig og samstundes vere ein god lagspelar Du har evne til å skape gode, trygge relasjonar til både brukarar, pårørande og kollegaer Du tek initiativ og har lyst til å lære og utvikle deg Du har interesse for og forståing for menneske med samansette behov Du møter andre med respekt, tolmod og omsorg Du er påliteleg, arbeidsom og tar ansvar Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Vi tilbyr Ein meiningsfull jobb der du bidreg til at andre får ein betre kvardag Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter Varierte arbeidsdagar der ingen dagar er heilt like Dyktige og støttande kollegaer som spelar kvarandre gode God forsikrings- og pensjonsordning Velkomen som søkjar – me gler oss til å høyre frå deg! I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Du må legge fram politiattest før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. KontaktinformasjonKyrre Saupstad, Avdelingsleiar psykisk helse og rus, +47 46618242, [email protected] ArbeidsstadVinjevegen 230 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5144104707 Stillingsprosent: 60% Vikar Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Me ynskjer deg velkomen til Vinje! Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar. Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. Me håpar du vil trivast hjå oss! Les meir om livet i Vinje her Sjå Vinjefilmen her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores