About this role
Kirurgisk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledige vikariat som helsesekretær/sekretær. Vi har ledig to vikariat i 100 % stilling frå september 2026 til februar 2027 Oppstart etter nærare avtale Kirurgisk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretæroppgåver for dei kliniske avdelingane i Kirurgisk klinikk: ØNH-/Kjeveavdeling, Augeavdeling, Kvinneklinikken, Kirurgisk avdeling, Ortopedisk avdeling, Dagkirurgisk senter og Skopi-, urologi- og operasjonspoliklinikken. Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær – og kva som gir jobben hennar meining og verdi. Arbeidsoppgåver Arbeid i elektronisk pasientjournalsystem (DIPS Arena) Pasientservice Timebestilling (poliklinikk, sengepost og ventelister) Telefonadministrasjon Andre førefallande pasientadministrative og pasientretta oppgåver Kvalifikasjonar Autorisert helsesekretær eller helsefagarbeidar er ønskjeleg, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Gode datakunnskapar Det er ein fordel med kjennskap til sjukehuset sine datasystem Personlege eigenskapar Du evner å møte pasientar og kollegaer på en positiv og respektfull måte Du er sjølvstendig, proaktiv, strukturert og nøyaktig Du trivst med å arbeide i eit aktivt og tverrfagleg miljø Du er pliktoppfyllande, serviceorientert og til stades for pasientar og kollegaer Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og samarbeid på tvers av fagmiljø Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø Ein spennande og utfordrande arbeidskvardal Meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit for fagleg og personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonGitta Sas, Seksjonsleiar, +47 482 33 391 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5141740212 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.