About this role
Har du lyst på ein spennande jobb med varierte oppgåver innan plan- og bygningslova? Årdal kommune søkjer ein engasjert rådgjevar/sakshandsamar til plan- og byggesaksavdelinga vår i ei 100% fast stilling. Det blir lagt til rette for at vedkommande over tid vert ein del av overordna vaktberedskap innan brann i kommunen. Arbeidsoppgåver Vurdere og handsame søknader, dispensasjonar og klager i samsvar med plan- og bygningslova Gje rettleiing og råd til innbyggjarar, utbyggjarar og arkitektar Tilsyn oppgåver etter plan og bygningslova Ajourhald av matrikkel Delta i tverrfagleg samarbeid internt i kommunen Overordna vaktberedskap innan brann Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning gjerne innan tekniske fag, beredskap, eller samfunnssikkerheit Godt kjennskap til og interesse for plan- og bygningsrett Gjerne med erfaring frå kommunal sakshandsaming Meistre norsk munnleg og skriftleg godt Gode digitale ferdigheiter Personlege eigenskapar Sjølvstendig, effektiv og løysingsorientert Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling Trivst med sjølvstendig arbeid, men fungerer også godt i team Førarkort klasse B Kva me tilbyr Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit fagfelt i utvikling Godt og uformelt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering Gode pensjons- og forsikringsordningar Stilling er lagt innanfor området miljø og samfunn. Ein er rådgjevar/sakshandsamar og yter service til innbyggarane innan for plan og bygningslova. I tillegg vil ein på sikt bli med i overordna vaktberedskap, og ein må pårekna å gjennomføra utdanning ved Brann og redningskulen. For nærare informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt. Andre opplysningar: Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !