Adecco Select

Now hiring

Økonomileiar @ Adecco Select

Ålesund, Møre og Romsdal, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS saman med dotterselskapet sitt Retura Søre Sunnmøre AS, søkjer no ein framtidsretta og engasjert økonomileiar.

Dette er ei sjeldan moglegheit til å tre inn i ei nyoppretta nøkkelrolle med stor påverknad. Du får ein sentral posisjon i to solide og framtidsretta verksemder, der du arbeider tett med både leiing og styre. Rolla gir deg moglegheit til å forme og vidareutvikle økonomifunksjonen, samstundes som du bidreg aktivt i strategiske avgjerder og utviklinga av organisasjonane.

Verksemdene opererer i ein samfunnskritisk bransje med aukande fokus på berekraft, effektiv ressursutnytting og framtidsretta løysingar. Stillinga gir deg dermed ein unik kombinasjon av strategiske og operative oppgåver, samt brei erfaring på tvers av selskap og organisasjonsformer.

Ei rolle der du får betydeleg påverknadskraft, og moglegheit til å forme ein ny økonomifunksjon.

Som økonomileiar vil du ha eit overordna ansvar for økonomifunksjonen i begge verksemdene. Rolla spenner frå operativ økonomioppfølging til strategisk rådgjeving, og du vil vere ein sentral bidragsytar i avgjerdsprosessar og vidare utvikling. Du vil arbeide tett med leiinga og ha ei aktiv rolle i å sikre god styringsinformasjon, effektive prosessar og solide økonomiske avgjerdsgrunnlag.

Nokre av dei viktigaste oppgåvene dine

Overordna ansvar for økonomistyring, rapportering og oppfølging mot leiing og styre

Leie budsjett- og oppfølgingsprosessar. Ansvar for årsoppgjer

Utarbeide avgjerdsgrunnlag og bidra til forbetring gode strategiske prioriteringar

Analysere og vidareutvikle styringsinformasjon og nøkkeltal

Forvalte finansielle område som likviditet, lån og forsikringar

Bidra til utvikling av system og digitale løysingar

Delta i anskaffingar og følgje opp avtalar og leverandørar

Kven er du?

Vi ser etter deg som kombinerer sterk økonomifagleg kompetanse med god forretningsforståing. Du er analytisk og strukturert, og evnar å omsetje innsikt til gode avgjerdsgrunnlag. Samstundes er du utviklingsorientert og motivert av moglegheita til å byggje opp og forbetre funksjonar over tid.

Du trivst i ei rolle med brei kontaktflate og samarbeider godt på tvers av fagmiljø og organisasjonar. Du er nysgjerrig, tek initiativ og har evne til å skape framdrift.

Vidare har du

Høgare økonomisk utdanning

Erfaring frå økonomi, rekneskap eller controlling

God systemforståing og interesse for IKT og digital utvikling

Gjerne erfaring frå offentleg verksemd eller komplekse organisasjonar/konsern

Vi tilbyr

Ei nyoppretta nøkkelrolle med stor påverknad

Moglegheit til å forme og utvikle økonomifunksjonen

Ei sentral rolle i to solide og framtidsretta verksemder

Varierte oppgåver med både strategisk og operativt ansvar

Eit uformelt og godt arbeidsmiljø med korte avgjerdsliner

Moglegheita til å bidra i ei viktig samfunnsoppgåve innan berekraft og ressursforvaltning

Interessert?

Dersom du synest dette høyrest ut som ei spennande moglegheit, høyrer vi gjerne frå deg. Send oss ein søknad eller ta kontakt med vår rekrutteringspartnar i Adecco ved distriktsjef Linn-Kristin Lorgen (959 74 621).

Søknadsfrist: 16.08.26

Meir om verksemdene:

Volda og Ørsta Reinhaldsverk driv med innsamling, sortering og vidaresending av avfall frå hushaldningane i Volda og Ørsta. Vi har eit samfunnsoppdrag frå eigarkommunane våre, der vi skal levere miljømessig gode og rasjonelle tenester til innbyggarane. Aktivitetane våre er styrt av driftsløyve og overordna regelverk, og det er sett klare mål for sortering og materialgjenvinning. Avfallet skal takast vare på som ein ressurs, for Sortert avfall gir verdi!

Medan VØR tek seg av monopoloppgåvene overfor hushaldningane, leverer VØR sitt heileigde dotterselskap, Retura Søre Sunnmøre AS, avfallstenester til næringslivet.

Retura Søre Sunnmøre vart etablert i 2004 og er ein totalleverandør innan innan avfallshandtering for næringslivet på Søre Sunnmøre. Vi leverer alt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving, og har brei erfaring på korleis best ta hand om alle typar avfall på ein kostnadseffektiv og miljøbevisst måte.

Skills

Økonomi og regnskap

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores