Now hiring

Jordmor i Åseral kommune - 70% vikariat @ ÅSERAL KOMMUNE - HELSESTASJON

NO092, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du lyst til å vikariere for jordmor? Vi i helse og velferd er på jakt etter ei jordmor til helsestasjonen frå august/september og fram til juli 2027, med mogeleg forlenging. Jordmortenesta er ein del av helsesjukepleiartenesta, som omfattar helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom. Jordmortenesta er organisatorisk plassert i helse og velferd, saman med andre helsetenester som legekontor, psykisk helse og rus, habilitering, fysioterapi og ergoterapi. Det er òg eit tett samarbeid med interkommunalt barnevern og NAV. Vi utviklar tenesta i tverrfagleg samarbeid for tidleg innsats overfor barn og familiar, og arbeider etter ein innsatstrapp i tiltaka. Jordmorarbeidet er interkommunalt, og det er ein kontordag i veka i Eiken. I tillegg har Åseral vaktberedskap i samband med fødsel, grunna avstanden til sjukehuset. Arbeidsoppgåver Svangerskapsoppfølgjing ved helsestasjonen Heimebesøk til nyfødte Etterkontroll Vaktberedskap i samband med fødsel Du vil bidra til trygg og heilskapleg oppfølging av gravide og nybakte familiar i kommunen. Kvalifikasjoner Du må: ha autorisasjon som jordmor har erfaring med klinisk arbeid som jordmor føde/barsel disponere bil og førarkort klasse B ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ønskjeleg med erfaring frå tverrfagleg samarbeid Gyldig politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar) Personlege eigenskaper Vi ønsker at du: er tillitvekkande og har gode kommunikasjonsevner i møte med barn og føresette er engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis. er god på samarbeid, er fleksibel, tek ansvar og viser interesse for den kommunale helsetenesta Personlege eigenskaper vert vektlagt Stillinga har ei prøvetid på 6 månader Vi kan tilby Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen. Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP. Barnehageplass Gratis SFO Vi kan hjelpe til å finne bustadhttps://xn--flytttilseral-wfb.no/ KontaktinformasjonLaila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, 41322847, [email protected] ArbeidsstedBordalsbakken 10 4540 Åseral Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Åseral kommune Referansenr.: 5152806696 Stillingsprosent: 70% Vikariat Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé. I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores