About this role
Edland barnehagen søkjer ein trygg kollega som vil bidra til leik, læring og gode opplevingar i barnehagen! Me er den nordvestlegaste barnehagen i Vinje kommune, og er ein av fire kommunale barnehagar. Barnehagen ligg midt i smørauga av norsk natur. Me ligg nær skule, svømmebasseng, bibliotek, sykkelpark, turstiar og ljosløype, og har mange naturmoglegheiter til alle årstider. I barnehagen er me 17 tilsette. Det er ei god blanding av pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og matansvarleg. Alle har mykje og god kunnskap om barn og barns utvikling. Vil du vera med å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barn? Har du evne til å skape gode relasjonar til barn, og eit ynskje om å vera med å forme kvardagen til barn? Har du lyst til å vera med å utvikle og prege arbeidet i Edland barnehage? Då vil me gjerne ha deg med på laget! Velkomen som søkjar! Arbeidsoppgåver Aktiv deltaking i det pedagogiske arbeidet på avdeling Medansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna Arbeide fagleg og utforskande - med barnehagelova og rammeplanen i ryggen Bidra til lærande fellesskap i barnehagen Medansvar for å skape eit godt arbeids- og samarbeidsmiljø Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme Kvalifikasjonar Ynskjeleg med erfaring med barn i alderen 1-6 år Norskferdigheiter jf barnehagelova §27 Personlege eigenskapar Du skaper trygge relasjonar Du har engasjement for barns leik og utvikling Du finn løysingar til det beste for barna i ein travel kvardag Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette Du er glad i å vera i aktivitet, både inne og ute Du er stabil og påliteleg Du trivst i ein hektisk kvardag Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Me tilbyr Ein barnehage der naturen er tett på; skogen, fjellet og nærmiljøet er vår leikeplass Ein kvardag med fokus på leik, opplevingar og utforsking Varierte og spanande utfordringar Ein arbeidsplass prega av humor og glede Løn etter lokal lønstabell God forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden. Aktuelle kandidatar blir kontakta, og kalle inn til intervju. KontaktinformasjonKatrine Grindalen, Verksemdsleiar Edland barnehage, +47 41540655 ArbeidsstadStoregutvegen 50 3895 Edland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5152159059 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 26.07.2026 Om arbeidsgiveren: Me ynskjer deg velkomen til Vinje! Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar. Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. Me håpar du vil trivast hjå oss! Les meir om livet i Vinje her Sjå Vinjefilmen her