Now hiring

Ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar / miljøterapeut/ ufaglært @ KAASA AVLASTNING

NO094, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du fagarbeidar ? Då treng vi deg med på laget vårt ! Vi søker deg, som er engasjert og fagleg dyktig fagarbeidar til vårt team ved Kåsa bu- og avlastning. Hos oss får du mogleheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til mennesker med ulike behov, og bidrege til at dei opplev meistring, tryggleik og livskvalitet. Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 6 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder, og i hjelpebehovet. Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit breitt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet. Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagleg utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag. Avdelinga har årsturnus, kor du er med å utforme din eigen turnus etter dine behov og ynskjer. Du kan velge mellom langvaktar, ordinære vakter og arbeid kvar 3 eller 6 helg. Vi håpar DU søkjer og ynskjer deg velkomen til oss ! Arbeidsoppgåver Fremme målretta metodisk miljøarbeid Yte praktisk bistand og veiledning i daglege aktivitetar Dokumentasjon i henhold til gjeldende rutiner Handtere uførutsette situasjonar på fagleg og etisk forsvarleg måte Fylgje opp individuelle planar og mål Jamleg samarbeid med pårørande og andre fagpersonar Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Autorisert fagarbeidar innan helse eller barn og unge, gjerne med erfaring frå fagfeltet Vi opnar for at høgskulepersonell kan bli vurdert til stillinga Er du ufaglærte kan du au bli vurdert. Du må då binde deg til å ta fagbrev innan 4 år. Du vil få individuell og tilpassa opplæring og rettleiing på veg mot fagbrev. Må kunne beherske digitale verktøy. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Førarkort klasse B, manuell. Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad. Gyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforholdet startar. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden. Personlege eigenskapar Du har god samarbeidsvilje Du tilpassar deg og er open for endringar Du er engasjert og løysingsorientert Du har positiv innstilling og haldning Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Varierte arbeidsoppgåver i ei verksemd i endring. Årsturnus med moglegheit til å påverke eigen turnus. Du kan velje mellom langvakter med arbeid kvar 6. helg, ordinære vakter kvar 3. helg, eller ein kombinasjon av desse. Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement. Lønn etter tariff. Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP Eininga har fokus på kompetanse utvikling og har ulike studieordningar for tilsette Regelmessige fagmøter rundt den enkelte brukar er fastsett i turnus. Anna: Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med eit ev. intervju. KontaktinformasjonElisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18 ArbeidsstadTreungvegen 505 3855 Treungen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5153162272 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026 Om arbeidsgiveren: Nissedal – der gode liv levast Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø. Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt. Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast. Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25. Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav. Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores