Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent Fjellgardane skule og SFO @ FJELLGARDANE SKULE

NO092, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjellgardane skule ligg på Hovden i Bykle kommune. Vi er ein fådelt 1-7 skule, og har om lag 40 elevar. Skulen har ein fast utedag for alle elevane gjennom heile skuleåret. Skulen har moderne fasiliteter og eit variert uteområde tett på flott norsk høgfjellsnatur. Bykle kommune søkjer etter ein barne- og ungdomsarbeidar i 100% stilling. Stillinga er eit 100% vikariat. Vikariatet gjeld frå 01.10.2026 (moglegheit for tidligare oppstart) til 31.07.2027. Du vil jobbe på SFO og i skulen. Arbeidsoppgaver Være med å planleggje og gjennomføre aktivitetar på SFO Aktivt deltagande i aktivitetar ute og inne Assistent i skulen Ansvar for måltid på skulen én dag i uka Vere med å utvikle eit godt og heilskapeleg tilbod til elevane Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevane Kvalifikasjoner Fagbrev, barne- og ungdomsarbeidar Erfaring kan kompensera for fagbrev God norskkunnskap, skiftleg og munnleg Personlige egenskaper Initiativrik, og evne å jobbe sjølvstendig og strukturert Løysningsorientert og fleksibel Evne til å byggje gode relasjonar Glad i friluftsaktivitetar Lagspelar som er engasjert og motivert Personleg eignaheit vil bli vektlagd Vi tilbyr Løn etter tariff Gode pensjons- og forsikringsordningar Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter Barnehageplass og SFO frå dag ein Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald Bedriftsleilighet i Kanalbyen i Kristiansand Krav om politiattest ved tilsetting. KontaktinformasjonKjetil Vik, Kommunalsjef, 97700567 ArbeidsstadSkulevegen 41 4755 Hovden i Setesdal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bykle Referansenr.: 5153384169 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 11.08.2026 Om arbeidsgiveren: Bykle kommune som arbeidsgjevar: Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar Vi er ca. 190 tilsette Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett Vi er ei IA-bedrift Om Bykle: Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal Kommunesenteret er lokalisert i Bykle Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000 Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter Det er løpande SFO- og barnehageopptak Avstandar: Bykle - Kristiansand er 18 mil Bykle - Oslo er 29 mil Bykle - Stavanger er 33 mil Bykle - Bergen er 35 mil Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering. Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores