Now hiring

Trommelærar Vinje kulturskule – Vikariat – 20% @ VINJE KULTURSKULE

NO094, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vinje kulturskule søkjer ein engasjert og pedagogisk trommelærar i 25 % vikarstilling for hausten 2026, med moglegheit for forlenging. Kulturskulen er ein viktig arena for skaparglede, meistring og fellesskap for born og unge i kommunen. Som trommelærar vil du møte elevar i alderen 6–18 år og få høve til å bidra inn i eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø. Stillinga er i hovudsak knytt til individuelt undervisningsarbeid, men samspel er ein naturleg og viktig del av undervisninga i Vinje kulturskule. Du vil samarbeide med andre instrumentlærarar og vere med på å utvikle elevane sine musikalske dugleikar gjennom samspel, konsertar og deltaking på arrangement som UKM (Ung kultur møtast). Me ser etter deg som ynskjer å bidra til eit inkluderande læringsmiljø og som ser verdien av kulturskulen som ein viktig møteplass for born og unge. Arbeidsoppgåver Planleggje og gjennomføre undervisning i trommer for elevar i alderen 6–18 år Tilpasse undervisninga til den enkelte elev sitt nivå og behov Delta i og bidra til samspelundervisning saman med andre lærarar i kulturskulen Motivere elevane til fagleg utvikling, meistring og musikkglede Følgje opp elevar fram mot konsertar og andre arrangement Bidra inn mot UKM og andre prosjekt i regi av kulturskulen Samarbeide med føresette ved behov Delta på personalmøte og utviklingsarbeid i kulturskulen Kvalifikasjonar Relevant pedagogisk utdanning er ynskjeleg Musikkfagleg utdanning innan trommer/perkusjon er ynskjeleg Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell musikkutdanning Erfaring frå undervisning eller arbeid med born og unge er ein fordel Interesse for og erfaring med samspel og ensemblearbeid er ynskjeleg Førarkort klasse B og disponering av eigen bil er eit krav Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding Stillinga følgjer arbeidstidsavtalen SFS 2213 Personlege eigenskapar Du er fagleg dyktig og trygg i rollen som trommelærar Du er pedagogisk og har gode relasjonelle dugleikar i møte med born og unge Du er engasjert og motiverande Du samarbeider godt med kollegaer på tvers av fagområde Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eiga undervisning Du er fleksibel og løysingsorientert Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og til utviklinga av kulturskulen Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Me tilbyr Ei meiningsfull stilling i ein kulturskule med høge ambisjonar på elevane sine vegner Eit inkluderande og imøtekomande kollegium med god kultur for samarbeid. Moglegheit til å samarbeide på tvers av kunst- og fagområde Fast møtearena kvar veke, med fokus på fagutvikling, utviklingsarbeid og teambuilding Ein arbeidsplass som aktivt bidreg til kultur- og oppvekstarbeid i lokalsamfunnet Høve til å vere med og vidareutvikle ein kulturskule med lågterskel kulturtilbod for born og unge Løn etter gjeldande avtaleverk God forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår. KontaktinformasjonKristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, [email protected] ArbeidsstadVinjevegen 192 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5154514539 Stillingsprosent: 20% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Me ynskjer deg velkomen til Vinje! Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar. Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. Me håpar du vil trivast hjå oss! Les meir om livet i Vinje her Sjå Vinjefilmen her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores