Now hiring

Samfunnsvitar til arbeidet med nytt naudnett og framtidas naudmeldingsteneste @ DIREKTORATET FOR SAMFUNNSSIKKERHET OG BEREDSKAP (DSB) HOVEDKONTOR

NO093, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra til eit tryggare samfunn? Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer ein engasjert samfunnsvitar som vil vere med på å utvikle framtidas naud- og beredskapskommunikasjon og naudmeldingsteneste. Dette er ein spennande moglegheit for deg som ynskjer å jobbe i skjeringspunktet mellom samfunnstryggleik, offentleg forvaltning, teknologi og beredskap. Vi søkjer ein ny kollega som vil bidra til utviklinga av naudmeldingstenesta, naud- og beredskapskommunikasjon og arbeidet med og for dei kommunale og interkommunale brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Hos oss får du arbeide med komplekse og samfunnskritiske problemstillingar, tett på avgjerdsprosessar og i samarbeid med sentrale aktørar på tvers av naudetatane. Dette er stillinga for deg som blir motivert av å forstå samanhengar, finne gode løysingar og skape resultat som har betydning for samfunnet. Arbeidsoppgåver Du vil få ein variert arbeidskvardag med ansvar for å: leie og delta i prosjekt-, utgreiings- og utviklingsarbeid knytt til nytt naudnett, naudmeldingstenesta og naud- og beredskapskommunikasjon for brann- og redningsvesen og 110-sentralar gi råd og rettleiing til kommunale og interkommunale brann- og redningsvesen og 110-sentralar samarbeide med interne og eksterne fagmiljø innan tverretatleg naudmeldingsteneste saksbehandle, samanstille, utarbeide og formidle informasjon til målgruppene våre gjennomføre tilsyn med brann- og redningsvesen og 110-sentralar Kvalifikasjonar Du må ha: relevant mastergrad, helst innan statsvitskap, samfunnsøkonomi eller andre samfunnsvitskaplege fag. Bachelorgrad med relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om mastergrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse god forståing for, og kompetanse om, kommunal og statleg forvaltning gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk følgande personlege eigenskapar relasjonsbyggjar – du støttar andre, skaper godt samarbeid og byggjer verdifulle nettverk gode kommunikasjonsevner – du formidlar bodskap klart og presist, lyttar aktivt og evnar å påverke andre gjennomføringsevne – du set i gang arbeid og jobbar planmessig og effektivt for å levere etter plan analytisk – du forstår raskt komplekse problemstillingar og gjer reflekterte og heilskaplege vurderingar sjølvstendig – du tek ansvar for eigne avgjerder og resultat og arbeider godt på eiga hand Vi ynskjer at du har: erfaring med utgreiingsarbeid, prosjektarbeid eller prosjektleiing interesse for eller erfaring med naud- og beredskapskommunikasjon relevant arbeidserfaring, gjerne frå offentleg eller kommunal sektor erfaring frå samfunnskritiske område kjennskap til brann- og redningsvesen og 110-sentralar interesse for forbetring og effektivisering av arbeidsprosessar førarkort klasse B Vilkår Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 680 000 til 780 000, eller som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 780 000 til 880 000. I heilt ekstraordinære tilfelle kan anna lønsplassering vurderast. Om avdelinga, seksjonen og stillinga DSB er nasjonal brannstyresmakt med ansvar for myndigheitsutøving gjennom regelverk og tilsyn. Seksjon for beredskap og naudmelding (BNM) er éi av to seksjonar i Avdeling for brann og redning (BRE). Avdelinga består av 29 høgt kompetente medarbeidarar ved DSB sitt hovudkontor i Tønsberg. DSB skal vere ei synleg og tydeleg tilsynsmyndigheit som gjennomfører risikobaserte tilsyn. I BNM er vi 15 tilsette med utfyllande kompetanse innan beredskap, kapasitetar, naudmeldingstenesta med meir. Seksjonen har ansvaret for forvaltning av regelverk som følgjer av brann- og eksplosjonsvernlova, med særleg vekt på forskrift om organisering, bemanning og utrusting av brann- og redningsvesenet og nødmeldesentralane (brann- og redningsvesenforskrifta). Seksjonen er òg tilsynsmyndigheit for brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Vidare er seksjonen justissektoren sitt faglege og rådgivande organ innan brannberedskap, kapasitetar, samhandling og tilsyn, og skal vere den viktigaste nasjonale pådrivaren for kontinuerleg utvikling av brann- og redningsvesenet. Utvikling av naudmeldingstenesta, med særleg søkjelys på 110-sentralane, er òg ein viktig del av seksjonen sin portefølje. Dei primære målgruppene våre er dei kommunale brann- og redningsvesena, inkludert 110-sentralane. Det store mangfaldet av oppgåver gjer at vi arbeider både sjølvstendig og i team, og at vi i møte med ei rekkje andre styresmakter representerer brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Hovudoppgåva dei første åra vil vere arbeidet med nytt naudnett for brann- og redningsvesenet og 110-sentralane. Nytt Naudnett er Noregs framtidige nasjonale naud- og beredskapssamband og skal erstatte dagens TETRA-baserte system. Det nye nettet skal løfte beredskapskommunikasjonen frå rein talekommunikasjon til òg å omfatte avanserte data- og videotenester. Det nye systemet skal byggjast på 5G og kommersiell mobilinfrastruktur i staden for eit eige, lukka radionett. Naudetatane vil få høve til å dele sanntidsvideo, bilete og store datamengder, noko som vil gi langt betre situasjonsforståing under oppdrag. Sjølv om nettet deler basestasjonar med vanlege mobilnett, skal det byggjast med særskild robustheit og prioritert kapasitet for å sikre at beredskapsaktørane ikkje mistar sambandet under kriser. Om DSB Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Om å jobbe i DSB Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetent

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores