About this role
Vi har ledig ei 100% mellombels stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar , for tida i psykisk helse, frå 01.06.2026 og inntil eit år. Det er ei dagstidsstilling med arbeidsstad på Rådhuset i Svelgen. Arbeidsoppgåver Samtalebehandling/støttesamtaler Utarbeiding og oppfølging av behandlingsplan, kriseplan eller individuell plan Samhandling internt og eksternt i kommunen Engasjere og motivere brukarar og medarbeidarar Dokumentere i fagsystem Kvalifikasjonar Bachelor i helse eller sosialfag, eller liknande Miljøarbeidar med relevant erfaring og vidareutdanning Erfaring frå arbeid/møte med mennesker med ulike utfordringar psykisk/somatisk Erfaring frå psykisk helse, helseføretak eller liknande Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Gode og oppdaterte dataferdigheiter Førarkort klasse B Oppdatert politiattest Personlege eigenskapar God relasjonsbygger Gode samarbeidseigenskapar Motiverande Strukturert og kan planlegge eige arbeid Ansvarsbevist og arbeider sjølvstendig Evner til å arbeide i team Du må vere fleksibel og like å vere "på farten" då vi har ein kommune som er stor i areal, og heile kommunen vil vere ditt arbeidsområde. Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi tilbyr Vi tilbyr ei rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir. Alle ordningane finn du her . Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse Sjå ledige bustadtomtar i kommunen Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet. Gode personforsikringar i arbeid og fritid Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar Senioravtale for tilsette over 62 år Kontaktinformasjon Anita Brevik, Driftssjef Familie og helse, +47 95982939 Arbeidsstad Granden 4 6723 Svelgen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5152494519 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 26.07.2026 Om arbeidsgiveren: Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve? Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute. Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no !