About this role
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri. Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit. Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling. Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane. Vi har ledig ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar, anna stillingsprosent er og aktuelt. I tillegg har vi ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i perioden 07.09.26 til 23.08.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar. hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål legemiddelhandtering sjukepleiar/vernepleiar faglege oppgåver dokumentasjon tverrfagleg samarbeid rettleie studentar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte Vi tilbyr Varierte og lærerike arbeidskvardagar Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Stilling organisert i årsturnus For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat. KontaktinformasjonEva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 949 89 709 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5152023787 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026 Om arbeidsgiveren: Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper. Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.