Now hiring

Fagarbeidar / assistent @ STAD KOMMUNE GJERDANE BARNEHAGE

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Gjerdane barnehage har ledig 80 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 15.08.26 til 14.08.27. Ufaglærte kan søkje som assistent. Gjerdane barnehage ligg nært Eid sentrum i Stad kommune og har fokus på likeverd, sosial kompetanse, språk, relasjonar og leik. Til hausten har barnehagen 71 barn, 12 barnehagelærarar, sju barne- og ungdomsarbeidarar, ein assistent og tre spesialpedagogar/logopedar, Arbeidsoppgåver Dagleg oppfølging av barna Skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Ufaglærte vil bli vurderte til stilling som assistent Personlege eigenskapar Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig Du har evne til å sjå det enkelte barnet Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg Vi tilbyr Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar Godt og nært fagleg samarbeid Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket Gode pensjons- og forsikringsordningar Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. For meir informasjon, kontakt styrar Tove Hanebrekke Starheimsvik, tlf 952 15 829. KontaktinformasjonTove Hanebrekke Starheimsvik, styrar Gjerdane barnehage, 95 21 58 29, [email protected] ArbeidsstadFossevegen 2 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5148210089 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 26.07.2026 Om arbeidsgiveren: Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! www.nordfjord.no/stad www.hjartestad.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores