Now hiring

Leiar for legetenesta @ KVAM HERAD KOMMUNELÆKJAREN

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du leia og videreutvikla ein av våre viktigaste tenester for innbyggjarane i Kvam? Me søkjer ein strategisk og engasjert leiar for legetenesta i kommunen og dei kommunale legekontora. Du vil få ei sentral rolle i å sikra høg kvalitet, god ressursutnytting og heilskaplege legetenester til innbyggjarane våre. Som leiar for legetenesta vil du ha ansvar for å tilretteleggja for eit godt samarbeid mellom fastlegar, øvrig helseteneste og relevante aktørar, samtidig som du bidreg til å styrka tenesta si faglege utvikling. Dette er ein unik moglegheit til å kombinera fagleg dyktigheit med leiing i eit samfunnsnyttig arbeid. I Kvam er det tilsett medisinsk fagleg rådgjevar, 12 fastlegar og 2 sjukeheimslegar. Kommunen driv kommunale utekontor i Strandebarm, medan Helsebanken legekontor i Øystese er drive av sjølvstendig næringsdrivande legar. Fastlegar i Øystese og Norheimsund rullerer på å ha kontordagar ved utekontoret. I tillegg har kontora stillingar som helsesekretær og sjukepleiar. Leiar for legetenesta er óg leiar for fagsjukepleiarane i kommunen. Leiar for legetenesta vil ha eit overordna ansvar for fagutvikling og kvalitetsforbetring i helse og omsorgstenestene i Kvam herad. Arbeidsoppgåver Følgja opp nasjonale og lokale retningslinjer, og politiske vedtak Vera ein aktiv bidragsytar for å utvikla samarbeidet mellom fastlegar, øvrige kommunale helsetenester og spesialisthelsetenesta Ansvar for økonomi og budsjett innan legetenesta og legekontor Sørga for effektiv ressursbruk, inkludert bemanningsplanlegging og kompetanseutvikling Bemanningsplanlegging på legekontor og legevakt, inkludert ferieavvikling Stillinga har det overordna ansvaret for kvalitetsarbeid i tenesta. Medisinskfagleg rådgjevar (kommuneoverlege) skal følgja opp kvaliteten i pasientbehandlinga, pasientsikkerheit og sikra etterleving av faglege standardar. Leiar for legetenesta og fagleg rådgjevar må ha eit tett og godt samarbeid når det gjeld kvalitetsarbeid. Arbeida systematisk etter Forskrift om ledelse og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesten Følgja opp krav og tilsyn fra relevante myndigheiter, samt rapportering Leggja til rette for og følgja opp legar i ulike utdanningsløp: LIS1-teneste og spesialiseringsløp innan allmennmedisin (ALIS) Kvalifikasjonar Me søkjer deg som har: Helsefagleg utdanning frå høgskule/universitet Leiarerfaring frå helsesektoren, gjerne frå stilling i kommunal sektor Solid arbeidserfaring frå relevant fagområde Kjennskap til legetenesta er ei føremon Relevant leiarutdanning, t.d. nasjonal helseledarutdanning eller er villig til å gjennomføra leiarutdanning Personlege eigenskapar Som leiar for legetenesta ønskjer me deg som er: målretta, strukturert og ein pådrivar i vidareutvikling nytenkjande, tillitsskapande og har gode samarbeidsevner tydeleg når du formidlar forventningar og når du gir tilbakemeldingar tilrettelegg for læring og utvikling hos medarbeidarane dine i stand til å skapa oppslutnad om endringar gjennom godt prosessarbeid samlande og opptatt av å skapa gode arbeidsmiljø Du har ein inkluderande leiarstil, er målretta og beslutningsdyktig. Du ser det som ein styrke å be om støtte, råd og innspel frå både kollegaer, støtteapparat, tillitsvalde og medarbeidarar. Me tilbyr Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar Høve til å påverka og vera med på å utforma fremtidas helse- og omsorgstenester Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø Gode leiarkollegaer som har fokus på leiing og tverrfagleg samarbeid Lønn etter avtale Gode forsikrings- og pensjonsordningar Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonTerje Langeland, Helse og omsorgssjef, +47 975 64 258 ArbeidsstadGrovagjelet 16 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5148227350 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak. Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold. Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. Eit variert næringsliv Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores