Now hiring

Ingeniør/teknikar medisinsk teknologi @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF KRISTIANSUND SJUKEHUS - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere ein del av teamet vårt? Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt ingeniør/teknikar til Seksjon for Medisinsk teknologi i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Dette er ei spanande stilling der du får jobbe med vedlikehald/service og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr av ulike typar og teknologi. Seksjonen er organisert i stabsavdeling for E-helse og teknologi saman med IKT og innovasjon. Verdiane våre er "Kvalitet, tryggleik og respekt" og vårt slagord er "Nær, smidig og kompetent". Medisinsk teknologi SNR har i dag 11 stillingar og eininga forvaltar alt elektromedisinsk utstyr og anna medisinsk teknisk utstyr (MTU) på SNR Hjelset og SNR Kristiansund med tilhøyrande institusjonar. SNR Kristiansund har eit breitt tilbod innan poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. Det ligg planar for ombygging og tilpasning, noko vi på medisinsk-teknisk er sterkt involvert i. SNR Hjelset er eit nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Du vil arbeide i sjukehus med mykje nytt utstyr og mange nye og spanande løysingar. Stillinga dekker heile forvaltningsområdet, og oppmøtestad kan variere etter avtale. Arbeidsoppgåver Utføre mottakskontroll, akutte reparasjonar og planlagt vedlikehald, samt omdisponering av MTU Dokumentere og ajourføre utført arbeid og informasjon for MTU i FDV-systemet Medusa Utarbeide risikovurderingar for planlagt vedlikehald av MTU Delta i innkjøpsprosessar og prosjekt ved utskifting og innkjøp av nytt MTU eller ombygging Gi støtte til brukarane av MTU og samarbeide tett med klinikkane om deira behov for MTU-tenester Delta i kvalitetsarbeid innan MTU-området Vedkomande som blir tilsett må rekne med noko reising i samband med kurs og møter Det kan vere aktuelt med deltaking i beredskapsordning/heimevaktsordning for MTU Kvalifikasjonar Universitet/høgskule/teknisk fagskule helst innanfor følgande studieretningar: * elektronikk/automatiseringsteknikk/medisinsk teknologi/IT * anna relevant kompetanse kan bli vurdert Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med service/vedlikehald av MTU Det er ønskeleg at du har samtykke frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) for sjølvstendig å kunne utføre reparasjon av elektromedisinsk utstyr Det er ønskeleg med kompetanse innan IKT og datanettverk Du må ha gode kunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg Vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst, systematisk, fleksibel og omgjengeleg Du har positiv serviceinnstilling og er engasjert, imøtekomande og påliteleg Du har genuin interesse for å hjelpe andre med å lykkast Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team Du må ha ei grunnleggande interesse for teknologi Du må ha gode evner til å kommunisere med brukarar av MTU, leverandørar og andre samarbeidspartar internt og eksternt Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Spennande og utfordrande oppgåver i eit fagfelt med moderne avansert medisinsk teknisk utstyr i kombinasjon med IKT-fag Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. KontaktinformasjonMagnar Kristen Kongsrud, Seksjonsleiar, 41608055, [email protected] ArbeidsstadHerman Døhlens vei 1 6508 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5115025876 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores