About this role
Vil du vere fagbioingeniør i eit moderne patologilaboratorium i utvikling? Vi har ledig stilling som fagbioingeniør på laboratorium for patologi og ser etter deg som ønskjer å arbeide med spennande oppgåver og bidra til presis diagnostikk for pasientane vårer. Ved internt opprykk kan det bli ledig grunnstilling/vikariat. Dersom dette er aktuelt for deg, oppmodar vi deg til å opplyse om det i søknaden. Sjå litt frå kvardagen vår her: Blimedoss Her arbeider vi tett saman om diagnostikk på vev- og celleprøvar. Ein diagnose frå patolog fortel om pasienten har kreft eller andre sjukdommar - og gir eit godt grunnlag for best mogleg behandling. Vi mottek prøvar frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa og frå primærhelsetenesta. Avdelinga arbeider med digital patologi, molekylær diagnostikk og persontilpassa medisin, og er i kontinuerleg fagleg utvikling. Avdeling for patologi i Helse Førde har kring 25 medarbeidarar som arbeider i lag for å sikre diagnostiske funksjonar innan histologi, immunhistokjemi, generell cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Som fagbioingeniør får du ansvar for prosedyrar, kvalitetsarbeid, metodeutvikling og opplæring innan eige fagområde. Du vil samarbeide tett med patologar og bioingeniørar i eit laboratorium med høg fagleg aktivitet. Sidan vi er ein liten avdeling, har vi gode moglegheitar for rullering på lab, slik at kvardagene blir varierte og at tilsette får brei kunnskap innan fagfeltet vi jobbar med. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt på Vestlandet med nærleik til fjell, fjord og kyst. Byen har eit aktivt kultur- og idrettsmiljø og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Ved avdelinga har vi eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg og sosial trivsel. Arbeidsoppgåver Fagansvaret omfattar mellom anna prosedyrar, kvalitetsarbeid, opplæring og metodeoppfølging innan cytologi og frysesnitt. Ansvarsområde blir tildelt av seksjonsleiar og kan bli endra over tid. Delta i dagleg drift ved patologilaboratoriet; preanalytisk- og analytisk arbeid med diagnostiske prøver Rettleie/lære opp studentar, nytilsette og andre medarbeidarar Variert arbeid som omfattar fargeteknikkar, betening av instrumentpark og deltaking i kvalitetssikring. Dagtidsarbeid måndag til fredag. Delta i anbudsprosesser og verifisering av metodar og utstyr Kvalifikasjonar Autorisert bioingeniør Anna relevant utdanning kan bli vurdert i eventuelt vikariat Relevant praksis/arbeidserfaring frå patologilaboratorie/medisinsk laboratorium tel positivt God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Grunnleggande IT-kunnskapar Personlege eigenskapar Du er ansvars- og kvalitetsbevisst Du trivast i eit aktivt laboratoriemiljø Du er positiv og omgjengeleg Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med ulike yrkesgrupper Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Spanande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø Opplæringsplan for nytilsette Fagleg utvikling Fleksitidsordning med kjernetid kl. 08.30 til 15.00. Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons - og forsikringsordningar Leiing med fokus på psykososial tryggleik Bistand til å skaffe bustad - opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonCecilie Bruflot, Seksjonsleiar, (+47) 412 35 613 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5149801550 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.