About this role
Er du ein trygg, tydeleg og engasjert fagperson som ønskjer å bidra til gode rammer for meistring, utvikling og livskvalitet? Vi søkjer etter personar som ønskjer å gjere ein forskjell i kvardagen gjennom relasjonsbygging, omsorg og fagleg oppfølging. Vi ser etter medarbeidarar med ulik fagleg bakgrunn som kan bidra til eit sterkt fagmiljø og gode tenester for brukarane våre. Vi ønskjer å finne dyktige medarbeidarar som kan bidra positivt inn i eininga vår – og vi håpar du er ein av dei. Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er i ferd med å etablere ei ny avdeling som skal yte heildøgnstenester til inntil fem brukarar med ulike utfordringar og problemstillingar. I høve dette planlegg vi for å opprette fleire stillingar. Det vert planlagt for turnusordning med nattevakter, langvakter og medlevarordning/døgnturnus (2-7-2-7-3-7). Skriv gjerne i søknaden kva type turnus som kan vere aktuell for deg. Også om det skulle vere aktuelt med fleire alternativ. Stillingane er i utgangspunktet 100 %, men stillingsstorleiken kan variere noko mellom dei ulike turnusordningane. Oppstart vil verte stegvis, då dato for innflytting av brukarane er ulikt. Ein jobbar for å få etablert bemanning kring fyrste brukar fram mot jul 2026. Vi oppmodar menn om å søkje, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår. Arbeidsoppgåver : Miljøterapi og miljørbeid Skape tillit og trygge relasjonar med fokus på å utvikle sjølvstende og meistring Samarbeid med pårørande, samarbeidspartnarar og andre instansar Delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak Bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø Kvalifikasjonar : Autorisasjon som helsefagarbeidar Bachelorutdanning innan relevant fagområde, til dømes barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. For å sikre breidde i kompetansen og eit godt tverrfagleg samarbeid ønskjer vi søkjarar med ulik relevant utdanningsbakgrunn. Søkjarar med anna relevant høgskule- eller universitetsutdanning og erfaring kan òg bli vurderte. Samansetjinga av kompetansen i tenesta vil bli tillagt vekt ved tilsetjing. Gyldig førarkort klasse B Vi søker deg som: Har erfaring frå liknande arbeid Har god skriftleg framstillingsevne Har eit ekte engasjement for arbeid med menneske Er god til å skape trygge og tillitsfulle relasjonar Kan arbeide både sjølvstendig og i team Er fleksibel, løysingsorientert og robust Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyr : Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante og varierte arbeidsoppgåver Eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse Høve til fagleg og personleg utvikling kompetansetillegg for relevant vidareutdanning I eininga har vi omlag 47 årsverk. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjerdsle. Du søkjer elektronisk. Velkommen som søkjar, vi ser fram til å høyre frå deg! Kontaktinformasjon: Einingsleiar Psykisk helse og rus Finn Ove Arnes; Tlf: 47 65 35 20. [email protected] Grunna ferieavvikling vil eg ikkje vere tilgjengeleg på telefon i søknadsperioden. Dersom de treng å prate med nokon, ta kontakt med: I perioden 06.07 - 17.07 Bjørn Henning Solheim på tlf: 48 11 18 71 I perioden 20.07 - 31.07 Aina Mikkelsen på tlf: 91 39 23 21 Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.