Now hiring

Arrestforvarar @ ÅLESUND POLITIHUS

Norway (NO0A3)OnsiteContractPosted 17 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Vil du arbeide i ei stor og kompleks verksemd der du får ta del i eit viktig samfunnsoppdrag? Har du gode kommunikasjonsferdigheiter, er omsorgsfull og klarer å behalde roa i stressande situasjonar? Vi søkjer etter deg som ønskjer å delta i eit pilotprosjekt, der tre stillingar er nyoppretta med varigheit ut 2027. Du vil bli tilsett som arrestforvarar med arbeidsstad i Ålesund. Arbeidsoppgåvene er arrestjeneste, transportar og framstillingar. I tillegg vil du få arbeidsoppgåver innanfor grensekontroll i Ålesund, på Vigra og andre lokasjonar ved behov. Det er ikkje stilt krav til politiutdanning. Du vil høyre til den operative delen av politiet hos seksjon for vakt og beredskap i Ålesund. Til stillinga ligg avgrensa politimyndigheit. Tenesta som arrestforvarar med tilleggsoppgåver innan grensekontroll er allsidig og personlege eigenskapar er vektlagt. Ein må vere fysisk og psykisk robust, og vere klar for ein variert kvardag. Du vil primært jobbe på dagtid, noko kveld og kvar tredje helg. Noko tjeneste på natt må påreknast ved behov. Hovudansvaret for arresttenesta er å sikre at praktisering av regelverket om innsetjing og opphald i arrest skjer på ein einsarta og god måte. Vidare skal vi sjå til at omsynet til liv og helse til arrestantane er vareteke i samsvar med gjeldande regelverk. Arbeidsoppgåvene innan grensekontrollar vil vere kontrollar i samband med publikumsoppmøte ved politistasjon. Opplæring vil bli gitt. Vi ser fram til å høyre frå deg! Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og som er gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Hos oss møter du menneske i ulike situasjonar, ofte i krise, og vi har høge forventningar til korleis du representerer politiet - både fagleg og etisk. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum gjennom kommunikasjonen din, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver vareta tryggleiken, helsa og rettane til innsette i politiarresten arbeidsoppgåver knytt til handtering og forvaring av arrestantar visitere, forpleie og føre tilsyn av personar som er pågripne og tekne med til politiarresten bidra til god planlegging og koordinering av transportoppdrag transportere og framstille innbragte, pågripne og varetektsfengsla registrering av arrestantar (DNA, foto mv.) utføre grensekontrollar andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga Kvalifikasjonar Dette må du ha: fullført vidaregåande opplæring med studiekompetanse eller fagbrev. Dokumentasjon må leggast ved søknaden. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. førarkort klasse B god skriftleg og munnleg i norsk og engelsk grunnleggande IKT-kompetanse plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga Du må også vere villig til å ta nødvendige kurs og utdanningar. Det er også ønskjeleg med relevant utdanning/erfaring frå sikkerheitsrelaterte yrker anna relevant yrkeserfaring kunnskap om andre kulturar Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert. Personlege eigenskapar For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du har særleg gode kommunikasjonsevner og evne til å vise omsorg i til tider hektiske situasjonar er robust, med dette meiner vi at du må tole å stå i tøffe psykiske og fysiske situasjonar og å kunne setje grenser har god arbeidskapasitet og er fleksibel i forhold til skiftande arbeidsoppgåver er nøyaktig har god etisk forståing av rolla du har, er profesjonell og opptrer respektfullt overfor innsette, kollegaer og samarbeidspartnarar Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her . Dette kan vi tilby om du vel oss ein meiningsfull arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida eit godt og inkluderande arbeidsmiljø knytt til politiet si operative tjeneste gode utviklingsmoglegheiter og operativ trening midlertidig stilling som arrestforvarar (stillingskode 1531) med brutto årslønn frå kr. 485 000 til kr. 585 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert. i tillegg får ein godtgjersle etter gjeldande Særavtale om arbeidstidsbestemmelser for politiet, som for tida er på kr 44 708 kr. per år, og tillegg for eventuell turnustjeneste medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse mogelegheit for trening i arbeidstida tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for pos

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores
Arrestforvarar at ÅLESUND POLITIHUS | ResuMinder Jobs