Now hiring

Account Manager SMB @ TUSSA IKT AS AVD ØRSTA

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Tussa IKT Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 130 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=w9kOXz-XuKc2LUdV Vil du jobbe med utvikling av kundar og vere med å skape verdi for små og mellomstore bedrifter? Vi søkjer ein motivert og strukturert account manager SMB som skal jobbe med dei små og mellomstore kundane våre. Du vil ha ansvar for å vidareutvikle kundebasen og sikre at kundane våre får god oppfølging og dei beste løysingane. Hos Tussa IKT blir du ein del av eit av dei største og mest komplette IT-miljøa på Nordvestlandet. Du får arbeide saman med erfarne spesialistar innan IT-drift, informasjonssikkerheit, skytenester og digitale arbeidsflater. Dette gir deg eit unikt høve til å utvikle deg som rådgjevar og hjelpe kundane med løysingar som skaper reell verdi. Kontorstad kan vere Ørsta, Ålesund eller Sykkylven. Om stillinga Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere: Oppfølging og utvikling av SMB-kundar Identifisere nye behov og moglegheiter hos kundane Rettleie kundane til gode løysingar Bidra til vekst og auka kundeverdi Samarbeide tett med seljarane Kvalifikasjonar: Solid erfaring innan sal / kundebehandling Gode kommunikasjonsevner Interesse for relasjonsbygging og rådgjeving Det er ein fordel om du har: Relevant utdanning innan sal, marknadsføring, økonomi eller IT Erfaring frå IT-bransjen, telekom eller andre teknologirelaterte fagområde Erfaring med CRM-system og strukturert salsarbeid Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi kan tilby Ein spennande kvardag i eit aktivt salsteam Gode utviklingsmoglegheiter Konkurransedyktige vilkår Om arbeidsgiveren: Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores