About this role
Om stillinga Universitetet i Stavanger søkjer avdelingsleiar til Arkeologisk museum, Avdeling for formidling. Me søkjer ein ambisiøs person som vil styrkje museet sin posisjon som eit leiande, nyskapande og attraktivt museum som driv forskingsbasert formidling av regionen i forhistorisk og tidleg historisk tid. Avdelingsleiaren skal leie det strategiske arbeidet med å utvikle heilskaplege konsept og planar for formidlinga av museet si forsking og øvrige kunnskapsproduksjon. Vidare skal avdelingsleiaren, i samarbeid med avdelinga, utvikle formidlingsprofilen til museet, samt organisering og drift av avdelinga. Avdelingsleiaren har ansvar for overordna gjennomføring av utstillingsproduksjon, programmering av publikumsaktivitetar, samt drift av resepsjon, butikk og kafé på Arkeologisk museum og Jernaldergarden. Vi søkjer deg som har ei heilskapleg tilnærming til formidling og er oppteken av samanhengen mellom dei ulike ansvarsområda til avdelinga og publikumsopplevinga. Avdelingsleiaren deltek i museet si leiargruppe og skal bidra til å utvikle og setje i verk museet og universitetet sine faglege og administrative strategiar. Om avdelinga Arkeologisk museum driv nyskapande, forskingsbasert formidling med høg kvalitet. Avdelinga planlegg, tilrettelegg og utfører kunnskapsbasert formidling og forsking på forhistorisk tid og mellomalder. Avdelinga har ansvar for publikums- og utleigeverksemd på to lokasjonar: Arkeologisk museum på Våland i Stavanger sentrum og Jernaldergarden på Ullandhaug. Gjestesegmentet er ein kombinasjon av lokale skuleklassar, lokalbefolkning og internasjonale gjester. Arkeologisk museum står framfor store og interessante utfordringar i åra framover, og skal bidra til å realisere visjonen om å vere Universitetet i Stavanger sin arena i sentrum. Sentrale oppgåver i avdelinga er bygging av nye utstillingar, utvikling av kulturscene og dialogarena, utvikling av publikumstilbodet og gjesteopplevinga. Vi søkjer ein person som vil vere med på å: styrkje museet sin posisjon som eit leiande museum med nyskapande, tverrfagleg formidlings- og publikumsverksemd formidle relevant og aktuell kunnskap om vår kultur- og naturhistorie i dialog med samfunnet realisere planen om utviding av museet, inkludert nyskapande formidling av kulturhistoriske samlingar delta aktivt i nasjonale og internasjonale formidlingsnettverk og samarbeidsforum Hovudarbeidsoppgåver ivareta ansvar for formidlings- og publikumsverksemd, og leggje til rette for forsking og utvikling i avdelinga ivareta det faglege, administrative og økonomiske resultatansvaret for avdelinga si verksemd sørgje for at ressursane i avdelinga vert brukte effektivt og føremålstenleg arbeide aktivt med gjennomføring av museet sin strategi og initiere nødvendige endringar implementere vedtak frå museumsstyret og -direktøren ivareta personalansvar for tilsette i avdelinga og arbeide aktivt med personalleiing, medarbeidarutvikling, fagleg utvikling og utvikling av eit godt og effektivt fagleg og sosialt arbeidsmiljø sørgje for god kommunikasjon og informasjon eksternt, internt i avdelinga og ovanfor universitetet sine øvrige einingar byggje nettverk og alliansar (lokalt, nasjonalt og internasjonalt) delta i leiargruppa og balansere avdelinga sine behov opp mot museet sine behov Kvalifikasjonar Den som vert tilsett må ha: relevant utdanning på minimum masternivå, fortrinnsvis innan museumsrelevante fag. Relevant leiarerfaring, kombinert med erfaring frå museal formidling, kan kompensere for kravet til høgare utdanning. relevant leiarerfaring, fortrinnsvis frå museum- eller opplevingssektoren, med vekt på erfaring frå planlegging, gjennomføring og drift av formidlings- og publikumsverksemd gode leiareigenskapar, inkludert evne til tydeleg kommunikasjon, relasjonsbygging og samarbeid dokumenterbar erfaring med administrasjon, inkludert budsjettansvar god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk Det vil óg bli lagt vekt på: erfaring med prosjektorientert, tverrfagleg forskings- og formidlingssamarbeid evne til å vidareutvikle ein god organisasjonskultur, ved å ivareta medarbeidarane sin kompetanse og skape stabile team gode kommunikasjons- og samarbeidsevner å vere serviceinnstilt, fleksibel og imøtekomande evne til å arbeide sjølvstendig, effektivt og strukturert å vere framoverlent og resultatorientert evne til å ta ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar Vi tilbyr interessante og utviklande leiaroppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø dyktige og engasjerte medarbeidarar i aktive fagmiljø ei god moglegheit til å vere med og forme framtida gjennom utvikling av forsking og formidling lønn etter Statens lønnsregulativ, l.pl. 17.500, kode 1003, kr 850.000 - 950.000 bto. pr. år. I særskilde tilfelle kan høgare lønnsutbetaling vurderast. Lovfesta pensjonsinnskot vert trekt frå. gode vilkår i Statens pensjonskasse meir om tilsettegode og fordelar på uis.no Mangfald UiS skal vere eit trygt arbeids- og læringsmiljø for alle, med nulltoleranse for diskriminering. Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaring, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar. Vi er opptekne av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med funksjonsnedsetjing. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar. Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsnedsetjing, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid. Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, avbrot i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi minst ein søkjar frå kvar av desse gruppene inn til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her . Sø