Now hiring

Udlabu @ UDLABU OMSORGSBUSTAD

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra til meistring, ein god heim og ekte arbeidsglede? Då kan dette vera stillinga for deg! Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk. Hjå oss får du vera med å forma kvardagen til menneske som treng det, i ein god heim, fellesskap og gode opplevingar. Me søkjer etter: 100 % fast stilling som miljørettleiar frå 01.10.2026 Årsturnus med dag og ettermiddags vakter, mogleg nattevakter og langvakter om ynskjeleg. Arbeid kvar 3 eller 4.helg. Arbeidsoppgåver: Bistå tenestemottakar i dagliglivets gjeremål Målretta miljøarbeid Primærkontaktoppgåver og oppfylging av tiltaksplanar Medikamenthandtering Skapa tryggleik og struktur Delta saman med tenestemottakar i dagleglivets oppgåver, fritidsaktiviteter og trening Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar Kvalifikasjonar: Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning (Bachelor i helse/sosial, pedagogikk, idrett/fysisk aktivitet m.m) Personlege eigenskapar som vert vektlagt: Er kreativ og likar å tenkje nytt Har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad Arbeider sjøvstendig og tek ansvar Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet Er trygg, strukturert og målretta Har vilje til fagleg utvikling og lære nye metodar Me tilbyr: gode vilkår for fagleg utvikling eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø yrkesskade- og gruppelivsforsikring gode pensjonsordningar løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Rekrutteringstillegg for nytilsett vernepleiar kr 16 000,- Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga Søknad Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores