Now hiring

Prosjektstilling - lågterskeltilbod for barn, unge og familiar @ GULEN KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Gulen kommune har, for tida ved eining helse, ledig i inntil 100% prosjektstilling innanfor lågterskeltilbod for barn, unge og familiar. Oppstart er etter avtale med einingsleiar og eitt år fram. Det kan verte mogleg med noko forlenging. Vi søkjer ein person som ønskjer å gjere ein forskjell for sårbare barn, unge og familiar. Du må ha god relasjonskompetanse, kunne arbeide tverrfagleg og vere oppteken av heilskaplege tenester på tvers av sektorar. Prosjektstillinga er ein sentral del av kommunen sitt arbeid med å styrkje det førebyggjande arbeidet for barn, unge og familiar. Målet er å skape trygge og gode oppvekstvilkår gjennom tidleg innsats og ved å fange opp utfordringar på eit tidleg tidspunkt. Stillinga skal bidra til å førebyggje at utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus utviklar seg. Stillinga er organisatorisk knytt til eining helse, men arbeidet vil gå på tvers av sektorar, og heile kommunen kan vere arbeidsområde. Oppmøtestad er Eivindvik. Bakteppe Gulen kommune har fått tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland til å utvikle, etablere og tilpasse eit kunnskapsbasert lågterskeltilbod for foreldrerettleiing for familiar med barn 0-18 år med psykiske plager eller rusrelaterte belastningar. Prosjektstillinga er tenkt delt slik; om lag 50% av arbeidet vil vere retta direkte mot oppfølging av barn, unge og familiar, medan den resterande prosent vil vere knytt til vidare utvikling av meir samordna tenester i kommunen. Stillinga skal bidra til at familiar får tidleg hjelp, utan krav om tilvising. Me tilbyr Ein historisk og framtidsretta kommune med fin natur og kjekke folk Spanande og varierte arbeidsoppgåver Triveleg arbeidsmiljø Gode forsikrings- og pensjonsordningar Ledig barnehageplass i kommunen Hjelp til å orientere seg i bustadmarknaden Arbeidsoppgåver Utvikle, etablere og vidareutvikle eit kunnskapsbasert lågterskeltilbod innan foreldrerettleiing, familiestøtte og psykisk helse for barn og unge Gi oppfølging og rettleiing til barn, unge og familiar gjennom samtalar, gruppetilbod og andre relevante tiltak Bidra til tidleg innsats, førebyggjande arbeid og heilskaplege tilbod i tett samarbeid med aktuelle tenester og samarbeidspartnarar Vere med å utvikle tenesta, mellom anna når det gjeld målgruppe, organisering, rutinar, metodar, informasjon, evaluering og vidare oppfølging Andre oppgåver kan kome til Noko ettermiddags- og kveldsarbeid må reknast med Kvalifikasjonskrav Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan til dømes; helse-, sosial-, barnevern-, pedagogikk-, psykologi-, familie- eller oppvekstfag. Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning og erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar, gjerne innan lågterskeltilbod, førebyggjande arbeid, tidleg innsats eller tverrfagleg samhandling Kompetanse i kunnskapsbaserte rettleiingsmetodar og forståing for psykisk helse, rus og korleis belastningar i familien påverkar barn og unge, er ein fordel Du må kunne arbeide systematisk med utvikling, dokumentasjon, evaluering og rapportering, og ha gode digitale ferdigheiter Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Førarkort klasse B er ønskjeleg Gyldig politiattest må leggjast fram av den som ver tilsett Personlege eigenskapar Du er trygg, raus og god til å byggje relasjonar, og møter familiar med respekt, varme og fagleg tryggleik Du har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt og trivst med tverrfagleg arbeid Du arbeider strukturert og sjølvstendig, men er samstundes fleksibel, løysingsorientert og god til å finne praktiske tiltak Du tek initiativ, skaper tillit og trivst med å utvikle tenester også i ein fase der ikkje alt er fullt ut avklart Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering. Om arbeidsgiveren: Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores