About this role
Våge barnehage har ledig ei 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar, der delar av arbeidsoppgåvene vil være oppfølging og tilrettelegging for enkeltbarn. Vi ser etter deg som brenn for pedagogisk arbeid, som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar i barnehagen vår. Vi ønskjer oss søkjarar som går inn i stillinga med engasjement og initiativ. Høyrest dette ut som deg? I så fall gler vi oss til å få søknaden i frå deg. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga eller vil høyre meir om korleis det er å jobbe i Våge barnehage. Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Ynskjeleg med erfaring frå arbeide med barn i barnehage. Andre med erfaring frå barnehage kan og søkje og blir vurdert om vi ikkje får søkjarar med fagbrev. God norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg. Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding. Personlege eigenskapar Har godt samspel med barn og vaksne. Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse. Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. Jobbar løysningsorientert i eit travelt miljø – og held på humøret. Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga. Vi tilbyr Ein variert og kjekk kvardag. Givande kvardag med flotte barn. Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer. Løn etter utdanning og ansiennitet. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Våge barnehageligg ytst i Fjaler. Barnehagen har heilt nye lokale like ved Våge skule. Vi har eit allsidig opparbeidd uteareal, og avstandane er korte til skog, sjø og Våge ballpark. I Våge barnehage er vi opptatt av alle skal ha det bra ilag, vi skal være «Ein stad der vi skapar vennskap og god minner». Barnehagen har to avdelingar: Blåbær er storbarnsavdeling med 12 plassar og Tytebær er småbarnsavdeling med 7 plassar.