About this role
Seksjon døgn ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 100 % vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) frå 01.12.2026 til 31.08.2027. Vil du arbeide tett med pasientar som opplever psykiske vanskar, og bidra til eit viktig behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta? Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit tverrfagleg miljø. Ved Nordfjord psykiatrisenter gir vi behandling til menneske i ulike fasar av livet. Seksjon døgn har 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette. Psykiatrisenteret har tre seksjonar med til saman om lag 75 årsverk. Du vil samarbeide med fleire faggrupper, mellom anna psykologar, overlegar, legar i spesialisering, sosionomar og miljøterapeutar. Ønskjer du å vite meir om arbeidsplassen? Les meir om Nordfjord psykiatrisenter på heimesida vår: Nordfjord psykiatrisenter Arbeidsoppgåver Vurdere, greie ut og diagnostisere pasientar med psykiske vanskar og/eller rusproblem Vere kontaktlege for pasientar i døgnbehandling Planlegge og gjennomføre behandling i samarbeid med pasient og tverrfagleg team Samharbeide med pårørande og aktuelle samarbeidspartar Delta i Nordfjord psykiatrisenter si vaktordning Deltaking i tilsynsordning ved Nordfjord sjukehus Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1 Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med psykiske lidingar og rusproblem Førarkort klasse B Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer tek ansvar og arbeider sjølvstendig i kliniske vurderingar byggjer gode relasjonar og bidreg til eit trygt behandlingsmiljø trivst med å samarbeide i tverrfaglege team klarer å prioritere oppgåver i ein variert og til tider travel kvardag Personleg eignaheit vert vektlagt Vi tilbyr Løn etter gjeldande avtale, med rekrutteringstillegg Tilrettelegging for gjennomføring av spesialisering (LIS-løp) Fagleg utvikling gjennom rettleiing, kurs og internundervisning Eit tverrfagleg miljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar Hjelp til å skaffe bustad Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSynnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, 97 18 96 29 Mari Ann Jacobsen Bruvoll, Teamleiar, 57 86 43 37 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6770 NORDFJORDEID Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5150617846 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 23.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.