About this role
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen. Hva vi ser etter Kvalifikasjonar Autorisert sjukepleiar Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid Gode norskkunnskapar Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Engasjert i fag og utvikling Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert Gode samarbeidsevner og ein positiv rollemodell for kollegaer Har evne til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag Ønskjer å bidra til utvikling av arbeids- og fagmiljøet Arbeidsoppgaver Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene. Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg. Arbeidsoppgåver Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving Rettleie og støtte kollegaer og studentar Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon Vi tilbyr Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP. Om arbeidsgiveren: Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.