About this role
Vil du leie eit Nav-kontor med eit viktig samfunnsoppdrag? Vi søkjer ein engasjert og tydeleg tenesteleiar som vil utvikle gode tenester for innbyggjarane i Lom og Skjåk, byggje sterke samarbeid og leie kontoret gjennom vidare utvikling og omstilling. Hva vi ser etter Vi vektlegg at du har leiarutdanning har kompetanse om offentleg forvaltning, kommunale og statlege styringssystem og økonomiområder har god digital kompetanse har kunnskap om målstyring og evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv har erfaring og evne til leiing av medarbeidarar kan skape gode relasjonar både til interne og eksterne samarbeidspartar har god forståing av arbeids- og velferdspolitikken har kompetanse om partssamarbeid og erfaring frå samarbeid med tillitsvalde Personlege eigenskapar evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv evne til leiing av medarbeidarar og bygge eit godt arbeidsmiljø evne til å skape gode relasjonar både til interne og eksterne samarbeidspartar ryddig og systematisk arbeidsform Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåver Leie, drifte og vidareutvikle kontoret både fagleg, kvalitetsmessig og organisatorisk, slik at tenestene er heilskaplege, effektive og brukarvennlege for innbyggjarane og samarbeidspartnarane. Tilpasse og sette i verk overordna føringar. Ansvar for personal og budsjett, og å oppnå mål innan gjeldande rammer. Styrke omstillingsevna for å kunne ta imot og levere moderniserte tenester. Bidra til eit godt fungerande tverrfagleg samarbeid både lokalt, regionalt og på tvers av Nav kontor. Noko reiseverksemd gjennom jobben må påreknast. Vi tilbyr Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP. Om arbeidsgiveren: Navs samfunnsoppdrag og oppgåver I Nav samarbeider stat og kommune om å tilby éi dør inn til dei offentlege arbeids- og velferdstenestene. Navs samfunnsoppdrag er å bidra til sosial og økonomisk tryggleik og fremme overgang til arbeid og aktivitet. Målet er å skape eit inkluderande samfunn, eit inkluderande arbeidsliv og ein velfungerande arbeidsmarknad. Nav er ein viktig del av tryggingsnettet i velferdsstaten. Vi skal bidra til at fleire kjem i arbeid og færre går på stønad, og samtidig sørge for at dei som treng det er sikra inntekt og økonomisk tryggleik gjennom rett pengestøtte til rett tid. For å løyse dette samfunnsoppdraget forvaltar Nav om lag ein tredel av statsbudsjettet, gjennom ordningar som arbeidsretta tiltak, dagpengar, arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, pensjon, økonomisk sosialhjelp, foreldrepengar, barnetrygd og kontantstøtte.