teamtailor

Betongarbeidere Sogn @ Veidekke

Sogndal, NorwayOnsiteFull-timePosted 63 days ago

Opens on teamtailor

About this role

Vi har fått nye og spennande oppdrag i Sogndal og i distriktet elles, og treng fleire betongarbeidarar. Vi ser etter både nyutdanna og deg med nokre års erfaring frå bransjen, som ynskjer å ta del i vår vidare utvikling i distriktet. Har du ikkje fagbrev, men har interesse for faget og ynskjer å ta fagbrev? Hos oss kan du ta fagbrev på jobb.

Som betongarbeidar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ein involverende arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.

I distriktet jobber vi vanlegvis 4- eller 5-dagers veke, samt i rotasjonsordningar som 14/14 eller 13/15. Dersom du er mobil og ynskjer å pendle så er det høve til det. Men vi ynskjer fortrinnsvis at du er busett i vårt distrikt, dvs i «gamle» Sogn og Fjordane.

Kvalifikasjonar

Fagbrev eller relevant erfaring/kompetanse innan betongfaget. Vi tilset også vaksenlærlingar.

Snakkar norsk, svensk eller dansk

Profil

Vi ynskjer at du er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du er:

Engasjert

Kvalitetsbevisst

Interessert i ny teknologi og digitalisering

Har høgt fokus på HMS

Vi tilbyr

Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgjevar

Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon

Fri mobiltelefon

Personleg verktøypakke

Framtidsretta arbeidsmetoder, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar

Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode mulegheiter for kurs og opplæring hos oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eigen bedrift saman med dine kolleger. I dag eig omlag halvparten av tilsette i Veidekke 10 % av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.

Har du spørsmål eller vil vite meir om stillingane? Vi tek gjerne ein prat med deg.

Knut Bukve, Prosjektleiar Veidekke Bygg Sogndal tlf 907 65 458

Svein Even Dale, Avdelingsleiar Veidekke Bygg Sogndal tlf 913 00 429

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.

Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.

Skills

ByggBetongarbeider

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →