About this role
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan bety noko for menneske som treng støtte, tryggleik og gode rammer i kvardagen? Vi har no ledig ei fast stilling som miljøterapeut. Stillinga går i døgnvakter/medleverturnus, noko som gir både kontinuitet for brukarane og gode, samanhengande arbeidsøkter for deg.Tilrettelagt døgntilbod i psykisk helse er eit lite og tett fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape stabilitet, meistring og utvikling for brukarane våre. Her blir du ein viktig del av kvardagen til menneske som treng deg – og du får eit arbeidsmiljø som er varmt, inkluderande og prega av samarbeid.