Now hiring

Koordinator pasientlogistikk @ Helse Bergen HF, Voss sjukehus

VOSSOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

OM SJUKEHUSETVoss sjukehus er eit akuttsjukehus med beredskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, føde- og gynekologi. Me er ein del av Helse Bergen og har tett samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har om lag 400 tilsette og gjev tenester til rundt 30 000 innbyggjarar – i tillegg til pasientar frå Bergen, Sogn og Hardanger. Her får du vere del av eit oversiktleg sjukehus der du verkeleg kan utgjere ein forskjell!OM SEKSJONEN OG STILLINGAKirurgisk seksjon har eit aktivt og sterkt fagmiljø som omfattar både kirurgi, gynekologi og ortopedi. Me behandlar pasientar innan døgn-, dag- og polikliniske løp og kvardagen er variert med både planlagt aktivitet og øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen er tverrfagleg samansett, med høg fagleg standard og godt arbeidsmiljø.Me søkjer no koordinator for pasientlogistikk i 100% fast stilling. Du vil ha ei sentral rolle i planlegging og koordinering av poliklinikk- og operasjonsprogram, oppfølging av ventelister og kapasitetsstyring. Stillinga passar for deg som trivst med koordinering og samarbeid. Du må kunne handtere ein variert arbeidskvardag med mange kontaktflatar, samstudes som du har blikk for både detaljar og heilskap. Hjå oss får du høve til å styrkje kvaliteten i tenestene og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø i eit sjukehus med høg aktivitet. OM VOSSVoss byr på eit unikt høve til å kombinere eit aktivt arbeidsliv med nærleik til storslått natur og eit rikt kulturliv. Her finn du både kvardagsro og store opplevingar – året rundt.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores