Now hiring

Psykologspesialist @ Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar, ein gruppepoliklinikk og ein eigen seksjon for angstbehandling (B4DT). Vi var først ute i området med å etablere ein ordning for tidleg avklaring av pasientar for å sikre rett tilbod til rett pasientar, og hos oss er det erfarne spesialistar som gjer denne jobben.Tidleg Avklaringsteam har bestått av 4 spesialistar, inkludert ein psykiater. Vi skal no erstatte to av våre psykologspesialistar, då ein skal pensjonere seg, og ein ønsker å gå tilbake til poliklinikk.Kvardagen i teamet består av å møte to pasientar der det er uklart kva tilbod dei skal til i eller utanfor spesialisthelseteneste, og om dei har føresetnad for å nyttiggjere seg behandling. Den som blir tilsett har som oppgåve å få klarleik i dette. Kvar dag er det også eit konsensusmøte, der alle i teamet går kort igjennom dagens pasientar og drøftar avgjerder. Øvrig tid går til journalskriving og å lese seg opp på komande pasientar.Fleire i teamet bidrar inn i våre daglege inntaksmøte, og det vil kunne vere aktuelt for dei som får stilling.Det har nyleg vore eit evalueringsarbeid av teamet, og av vår inntaksmodell, som har gitt gode indikasjonar på at teamet gjer godt arbeid, og utgjer ein viktig funksjon for Allmennaksen. Nokon endringar vil likevel kunne kome, då vi alltid er ute etter å forbetre oss.Teamet er organisert under Allmennpoliklinikk 2, men teamets oppgåver er på vegne av alle poliklinikkane i vår allmennakse.Stillingane er ledige frå august.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores