About this role
Har du eit ønske om å gi Jesus vidare til nye generasjonar? Vi søker etter deg som med engasjement og tryggheit kan ta ansvar for å leie og utvikle undervisningsarbeidet for konfirmantar, ungdom og tweens. Vil du vere ein viktig del av Lindås og Osterfjorden kyrkjelydar sitt arbeid for kyrkjeleg undervisning?Kyrkjelydsdarbeidar i Osterfjorden og Lindås, som har ansvar for dei yngste barna, vil vere ein viktig samarbeidspartnar.Vår faste kyrkjelydsarbeidar skal ha eitt års pemisjon, og Alver kyrkjelege fellesråd har derfor ledig vikariat på 80% som kateket/kyrkjelydspedagog for sokna Osterfjorden og Lindås. Det er mogleg å dele stillinga i to, med 40% i kvart sokn. Du kan derfor søke på berre eitt sokn. Oppmøtestad blir bestemt av det.Oppstart medio augst 2026.Stillinga rapporterer til dagleg leiar.