Now hiring

Miljøarbeidar psykisk helse og rus @ Fyresdal kommune

FyresdalOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å utvikle framtidas psykisk helse- og rustenester i Fyresdal kommune?Vi søker ein engasjert og fagleg sterk person til arbeid med utvikling av heilskaplege og kunnskapsbaserte lågterskeltenester for barn, unge vaksne og familiar med psykiske helseutfordringar og/eller rusrelaterte problem. Dette er ei 100 % stilling, men noko blir betala av prosjektmidlar, så på sikt kan arbeidsoppgåvene bli endra dersom tilskotsordningane fell bort.Fyresdal kommune jobbar no for å utvikle ei meir robust teneste innan psykisk helsearbeid og rus. Dette for å vere betre i stand til å møte framtidas utfordringar. Med fokus på tverrfagleg samarbeid, førebyggande arbeid, brukarmedverknad og lågterskeltilbod. Vi ynskjer at tenesteutviklinga skjer på målgruppas premissar og arenaer, med vekt på tidleg innsats, eigne ressursar og livsmeistring. Vi ynskjer å fremme auka deltaking i aktivitetar som betrar livskvalitet, meistring og som bidreg til eit aktiv og meiningsfullt tilvære.På helsesenteret er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. Vi nyttar journalsystemet Infodoc og Profil.Det samla fagmiljøet består av kommuneoverlege, tre legar i Nordsjøturnus, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, sjukepleiar på helsestasjon, koordinator for førebyggjande arbeid, psykiatrisk sjukepleiar, to fysioterapeutar, ergoterapeut i 30 % (knytt til interkommunalt samarbeid med Nissedal kommune) og avdelingsleiar. Fyresdal tannklinikk held også til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta i form av interkommunale samarbeid.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores