About this role
Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved distriktstannklinikken Stranda i Ålesund kompetanseregionVil du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt liv mellom fjord og fjell?I Stranda bur du midt i noko av det vakraste Vestlandet har å by på – med korte avstandar frå jobb til toppturar, puddersnø i skisenteret og fisketurar på fjorden. Her får du høve til å leve eit rikt friluftsliv året rundt, samtidig som du blir ein del av eit levande lokalsamfunn med engasjerte lag, kulturtilbod og gode oppvekstvilkår.