Now hiring

Lokomotivførar til Voss @ Vy Tog AS

VossevangenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vy tog Vest ser etter deg som er ferdig sertifisert lokførar, eller kanskje du akkurat no er student hos Norsk fagskole for lokomotivførere, med avsluttande eksamen i løpet av høsten 2026 - Og har lyst å bu på Voss og køyre toga våre der. Om du kjenner deg att i dette så er vi veldig interessert i å høyre frå deg.Du vil få jobbe med rundt 50 andre gode lokførarar og konduktørar, samt våre to driftsleiarar for lokomotivførare og konduktørar, som alle held til i vårt nye lokale på Voss stasjon. Samstundes blir du ein av våre 240 ansatte i Vy tog Vest som er spredd på våre stasjoneringsstadar Bergen, Flåm, Ål og Oslo, forutan Voss. Saman har vi ansvar for å utvikle og drifte vakre Bergensbanen, Vossebanen og lokaltoga mellom Bergen og Arna. I tillegg køyrer vi òg den spektakulære Flåmsbana og har med dette ei flott og variert køyring for å gi pendlarar, fritidsreisande og ikkje minst våre mange turistar frå inn- og utland den beste reisa.Vi skårar ellers høgt på trivsel og lavt på sjukefråver, og det er godt oppmøte på våre faste sosiale treff som sommarfest og julebord. Voss har mykje å by på av aktiviteter og tilbod heile året, og er du spesielt glad i fin natur, fjell- og ski eller kultur, så vil du trivst på Voss!Om du fyller krava til kompetanse, kan identifisere deg med våre verdiar: Samspel - Ansvarlighet - Kundeglede, og vil bidra til eit framleis godt arbeidsmiljø på Voss, håper vi du søker! Du treng ikkje skrive nokon lang søknad, men sei gjerne litt om din motivasjon for å jobbe på Voss og når du ser for deg å starte der.Interne i Vy tog har prioritering ved tilsetjing og må oppgi sin ansiennitetsdato i søknaden. Oppstart blir etter avtale.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores