About this role
Orre barnehage er ein kommunal barnehage med flott plassering på Orre. I barnehagen er det om lag 100 barn. Barnehagen er ein viktig del av lokalsamfunnet, og vi har eit tett og godt samarbeid med Orre skule, føresette og andre lokale aktørar. Det sterke engasjementet i lokalmiljøet skaper gode rammer for fellesskap, tilhøyrsle og trygge oppvekstvilkår for barna.Vi er stolte av eit stabilt og kompetent personale med høg fagleg kvalitet. Barnehagen har over tid hatt lågt sjukefråvær, noko som bidreg til kontinuitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø. Vi har ein høg andel pedagogar, også utover pedagognorma, og jobbar målretta for å sikre eit best mogleg tilbod til barna.Som styrar i Orre barnehage får du leie ein veldriven barnehage med god økonomi, dyktige medarbeidarar og engasjerte føresette. Du blir ikkje ståande aleine i leiaroppgåvene. Barnehagen har avdelingsleiar som gir tett leiarstøtte i kvardagen, og som ny styrar får du ein eigen fadder som hjelper deg godt inn i rolla og organisasjonen.I Klepp kommune satsar vi på leiarane våre. Du blir ein del av barnehagesjefen si leiargruppe og får bidra i utviklingsarbeid på tvers av kommunen sine barnehagar. Samtidig har kommunen styrkt støttefunksjonane rundt leiarane gjennom ei ny personalavdeling som gir god støtte i arbeidsgivar- og personalspørsmål.Vi ønskjer at leiarar skal ha høve til å utvikle seg, tenkje strategisk og hente ny energi. Derfor tilbyr vi, i tillegg til ferie, eiga ordning med leiarfridagar.Dette er ei stilling for deg som ønskjer å bruke leiarerfaringa di i ein barnehage med solide resultat, høg fagleg kvalitet, god støtte rundt leiarrolla og eit sterkt lokalsamfunn i ryggen. Her får du gode føresetnader for å lykkast som leiar – og for å gjere ein forskjell for barna kvar einaste dag.