Now hiring

2 faste tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Vatne @ Møre og Romsdal fylkeskommune

TennfjordOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere ein del av eit fagmiljø med høg kvalitet – midt i eit av dei vakraste områda på Sunnmøre?Distriktstannklinikken Vatne søkjer no to engasjerte tannlegar som ønskjer å bidra til gode og trygge tannhelsetenester for innbyggjarane våre. Hos oss får du varierte og spennande arbeidsoppgåver, dyktige kollegaer og ein arbeidskvardag der du verkeleg kan gjere ein forskjell.Klinikken held til i moderne og trivelege lokale, og har i dag 3 tannlegar, 1 tannpleiar og 4 tannhelsesekretærar.Distriktstannklinikken ligg i Tennfjord i Haram kommune, tett på både fjord og fjell, med kort veg til flotte turstiar, friluftsområde og eit levande lokalsamfunn med høg trivsel. Ålesund ligg berre om lag ein halvtime unna med bil, og gir enkel tilgang til byliv når du ønskjer det. Les meir på: www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/alesund-sunnmore/.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores