About this role
Ein av våre erfarne medarbeidarar går no av med pensjon, og vi ønskjer derfor å styrkje teamet med ein engasjert hjelpepleiar/helsefagarbeidar som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet i heimetenesta. Vi tilbyr ei fast 100 % stilling i todelt turnus, med arbeid kvar tredje helg.Vi ser etter deg som tek ansvar, møter menneske med omtanke og respekt, og som finn gode løysingar når nye utfordringar oppstår. Du trivst i ein aktiv og variert kvardag der ingen dagar er like, og du klarer å halde motivasjonen oppe også i periodar med høgt tempo. Gode evner til kommunikasjon og samarbeid er viktige i denne rolla. Vi ønskjer oss ein kollega som bidreg positivt både fagleg og sosialt, og som er med på å skape eit godt arbeidsmiljø for både tilsette og brukarar.Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du gode moglegheiter til fagleg utvikling og til å bygge verdifull erfaring i eit variert arbeid. Arbeidet vårt er retta mot å gi brukarane god livskvalitet, styrkje deira eigne ressursar og leggje til rette for at dei kan bu trygt i eigen heim så lenge som mogleg. Tenesta omfattar både heimebuande brukarar og bebuarar i omsorgsbustadar, og vi har alltid eit sterkt fokus på kvalitet i tenestene og den enkelte sine behov. Du vil vere ein viktig bidragsytar i vidare utvikling av ei eining som er i vekst og stadig endring.I sektor for velferd samarbeider vi tett på tvers av einingar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og arbeider saman for å gi best mogleg tenester til innbyggjarane våre.