About this role
Det Norske Teatret er nynorskens nasjonalteater i hovudstaden og ein av dei mest sentrale scenekunstinstitusjonane i landet. Sidan 1913 har teateret vore ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og mangfald. Med fire scener i Oslo speler vi for eit breitt og mangfaldig publikum. I 2025 hadde teateret om lag 210 000 besøkande. No søkjer vi ein direktør som vil vere med og utvikle denne tradisjonen vidare.