Now hiring

Ringjevikar badevakt i Klepphallen @ Klepp kommune, Byggdrift idrettsbygg

KleppeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bli ein del av teamet i Klepphallen, vi søkjer ringevikarar!Om stillingaØnskjer du ein fleksibel og meiningsfull jobb der du kan kombinere arbeid med studiar eller annan jobb? Klepphallen tilbyr ei unik arbeidsopp­leving prega av samhald, tryggleik og fridom. Vi søkjer engasjerte ringevikarar til ulike oppgåver i våre idrettsbygg, med arbeidsoppgåver som badevakt, billettsalg, kundeservice og reinhald i samband med offentleg bading.Du vil inngå i eit team som har ansvar for tryggleik, hygiene og trivsel for våre badegjester. Som ringevikar vil du vere ein del av vårt faste turnusopplegg med arbeidsøkter på kveld og helg – perfekt for deg som vil ha ekstra inntekt på kveld og helg.Dersom du er på jakt etter ein jobb der du kan kombinere fleksibilitet med meiningsfullt arbeid, er Klepphallen plassen du bør søkje!Vi ber om at søkjarar opplyser i søknaden om kor mykje dei ønskjer å arbeide, samt eventuelle avgrensingar i tilgjengelegheit, til dømes kveldar, helger, feriar eller periodar dei ikkje kan arbeide. Dersom du har moglegheit til å arbeide noko på dagtid, ber vi om at dette blir opplyst i søknaden. Det er ein fordel om du kan stille på kort varsel ved behov.Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysing. Det vil bli sendt ut melding om at søknaden er motteken, men det vil ikkje bli sendt avslag. Kommunen tek kontakt dersom/når det er behov for fleire vikarar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores