About this role
Heimetenestene i Sykkylven kommune søkjer fleire støttekontakter! Våre tenestemottakarar er voksne og eldre med ulike interesse og ulike behov for sosialisering og integrering. Vi har derfor behov for støttekontakter av begge kjønn i ulike aldergruppe og med ulike interesser. Ein støttekontakt er ein person som bidreg til å gi sosial støtte, praktisk hjelp og ei meiningsfull fritid til menneske som har behov for dette. Målet er å fremje meistring, trivsel, deltaking og inkludering i samfunnet.Du skal hjelpe brukaren med å delta i sosiale aktivitetar, fritidsaktivitetar og gjeremål i kvardagen, basert på ønskje, behov og føresetnader hos brukaren. Oppfølginga blir tilpassa individuelt og kan til dømes innebere turar, trening, kulturelle aktivitetar, samtalar eller støtte til å etablere og halde ved lag sosiale relasjonar.Rolla inneber å vere ein trygg, påliteleg og engasjert vaksenperson som bidreg til struktur, føreseielegheit og positiv utvikling.Støttekontaktoppdraget er eit avgrensa oppdrag på nokre timar i veka, og er ikkje ei fast stilling eller arbeid på ein fast arbeidsplass. Ønsker du å bidra - kan dette vere oppdraget for deg!