About this role
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Solholmen-Mordalsvågen , p.t. MF Ivar Aasen.Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, samtidig som du jobbar med eit triveleg og inkluderande mannskap. Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. På Ivar Aasen har vi ei valfri 7/12 ordning, som inneber at man i tillegg til ordinær skiftplan forpliktar seg til 7 ekstravakter som takast i løpet av året. For desse 7 ekstravaktene vert du kompensert for 12 vakter, derav 6 nattevakter og 6 dagvakter. I tillegg får man i ordninga heile året dekka reise utover 30km, til og frå arbeid første og siste tur. Mordalsvågen - Solholmen er ei fin rute der du får pausar både midt på dag og på natt. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.