About this role
Vi søkjer etter miljøterapeut/miljøarbeidar i 100 % fast stilling med arbeid primært i heimeteneste for yngre brukarar med funksjonsnedsetting. Delar av stillinga vil vere knytt til ambulerande teneste for heimebuande i Stranda distrikt. Arbeidstid etter til ei kvar tid gjeldande turnus. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.