About this role
Avdeling Hovud-Hals og Auge har ledig fast 65 % nattevakt stilling som sjukepleiar.Likar du ein spennande, variert og lærerik kvar dag i eit godt arbeidsmiljø? Det kan vi tilby.Sengeposten har 27 senger og inneliggjande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt teamarbeidsklima og arbeidsmiljø i avdelingen vår.Det blir planlagt ønsketurnus og moglegheit for langvakter.Du kan gjerne sjå bilete på vår Instagram side "hovud/hals/auge" og sjå video av avdelinga vår på Helse Bergens Instagram side.