Now hiring

Helsefagarbeidar 100 % st. @ Stranda kommune

StrandaOnsiteFull-timePosted 1 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Det er ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i heimetenesta frå 01.10.26. Arbeid etter til ei kvar til gjeldande turnus. Personalet i heimetenesta yter tenester til Solbakken omsorgsbustadar, Liabygda omsorgsbustadar og heimebuande i Stranda tettstad og Liabygda. Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår, vi har eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Vi søker ein helsefagarbeidar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordring på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging. Aktuelle søkjarar kan/vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores
Helsefagarbeidar 100 % st. at Stranda kommune | ResuMinder Jobs