About this role
Volda vidaregåande skule søkjer engasjerte og trygge fagarbeidarar/elevassistentar som ønskjer å bidra til eit inkluderande, utviklande og praksisnært læringsmiljø for våre elevar. Vi har behov for fleire nye kollegaer i ulike stillingsstorleikar, knytt til arbeid med elevar med individuelle tilretteleggingsbehov.Skulen har ledige stillingar i inntil 300% faste stillingar og vikariat. Volda vidaregåande skule sin visjoner "Mot høgare mål". Vi set eleven si læring i sentrum og hjelper den enkelte elev til å nå sine mål i fellesskap med andre. Vi hjelper elevane til å utvikle dei kunnskapar, duglkeiar og haldningar dei treng for å gå vidare i arbeid og i samfunnsliv. Skulen har godt samarbeid med lokalt næringsliv og kommuner for å gi elevane ein trygg og meiningsfull kvardag etter vidaregåande opplæring. Arbeidsåret for elevassistentar fyl skuleåret til elevane, og ein elevassistent i full stilling vert tilsett i inntil 85% stilling. Elevassistentane har arbeidstid og får godtgjort planleggingsveka før skulestart i tillegg. Totalt arbeidsår utgjer 39 veker. Arbeidet vil verte knytt til fleire elevar med behov for særskilt tilrettelegging.