About this role
Medisinsk klinikk ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidar og medisinstudentar på alle våre sengepostar. Vi ønsker å vere med å bygge din kunnskap og kompetanse ved at du blir tilsett fast på ein sengepost, men vil og kunne arbeide på andre postar ved behov. Vi ønsker på denne måten å styrkje helgebemanninga på postane. Vi lyser ut 3 faste helgestillingar på 15% med arbeid gjennomsnittleg kvar 3. helg for deg med pleieerfaring. Vi kan tilby opplæring og kompetanse innan det indremedisinske feltet, og ved å jobbe på ein av våre sengepostar vil du kunne utvikle deg og få kunnskap som kan hjelpe deg vidare i jobb i klinikken. Dei ulike postane vi kan tilby jobb på er: Medisin 5 vest, seksjon for infeksjonssjukdommar.